Mange ut i herleg adventsfjord

TRE KOMMUNAR: Vintersymjarar frå tre kommunar, frå venstre: Turid Oppedal, Øydis Kleppe Bøtun, Reidun Strand, Simone Stibbe, Sarah Jane Hails, Marit Fjøsne, Terje Eggum, Omar Fosse Refsdal, Guttorm Flataø og Bernt Skogsrud.
Foto: Terje Eggum

GLAD SYMJAR: Turid Oppedal har god fart i adventsvatnet.
Foto: Terje Eggum

OPPSLUTNING: Ti klubbmedlemer i adventsvatnet er bra.
Foto: Terje Eggum

GODT VATN: Simone Stibbe kjem opp av vatnet for tredje gong.
Foto: Terje Eggum

LEIKANGER: Tredje søndagen i advent og tre gonger ut i desemberfjorden. Slik er marsjordren når fjordsymjarane tel ned til jul. Adventbading har blitt tradisjon i Sogn fjordsymjeklubb.

Staden er Nokkaneset i Leikanger. Denne dagen stilte ti klubbmedlemer, heimehøyrande i Vik, Fresvik, Sogndal og Leikanger. I lufta var det fem grader, i sjøen også rundt fem, som er normal førjulstemperatur på denne tida. Badinga vart innleia i svinnande dagslys, og avslutta i svarte adventskvelden. Men alltid lune Sognefjord Hotell hadde badstua klar. Vertsskapen fortener prisen dei nyss fekk overrekt, Årets fjordelskar.

Fjordsymjeklubben blir solid representert under VM i vintersymjing i Finland til vinteren. Mønstringa på søndag blei brukt til å drøfta deltakinga og gjennomkøyra distansen, 25 meter i kaldt vatn, truleg atskilleg kaldare i den finske byen Imatra (0,5 grader).

Klubbmedlemene imponerte stort i førjulskvelden. Økter på 30-40 symjetak er bra i dette vatnet. Det blir ny adventbading den fjerde og siste søndagen før jul.