Vintersymjarar presterte godt i Finland

STAFETTLAGET: Desse kom heim med ein 5. plass frå Imatra, frå venstre Sarah Jane Hails, Bernt Skogsrud, Terje Eggum og Sønnøve Cirotzki.

TRIBUNEN: Omar Fosse Refsdal, Marit Fjøsne og Øydis Bøthun, på tribunen under crawlstafetten første kvelden, jublar for det norske laget, her representert ved Simone Stibbe og Sønnøve Cirotzki.

ARENAEN: Finnane hadde rigga ein fin arena i grensebyen Imatra, fem kilometer frå grensa mot Russland.

IMATRA: Vintersymjarane frå Sogn Fjordsymjeklubb kom att frå Finland med raude kinn og breie smil. Og nesten like viktig: Rike på erfaring og gode plasseringar.

Fjordsymjarane frå Sogn reiste i tretten timar for å symja i dei finske skogane, fem kilometer frå grensa til Russland. Dei åtte klubbmedlemene hadde to flyreiser og ein lang togtur i beina då dei sjekka inn i gode hytter utanfor byen. I den iskalde elva Vuoksi, med kjelder langt inne i Russland, symde dei åtte frå Sogn Fjordsymjeklubb seg til premiar både på individuelt og på stafett.

Klubben sitt crawllag symde inn til 6. plass første kvelden i Imatra. Dagen etter, på laurdag, leverte Sønnøve Cirotzki, Bernt Skogsrud, Simone Stibbe og Sarah Jane Hails gode prestasjonar individuelt. Øydis Bøthun, Terje Eggum og den same Skogsrud var ikkje snauare enn at dei stakk av med utmerkinga "Beste utlending" i sine klassar. I tillegg kom Omar Fosse Refsdal og Marit Fjøsne sin innsats både i vatnet og på tribunen. På siste dag i finnane si nasjonale mønstring i vintersymjing, søndag, erobra laget frå Sogn ein sterk 5. plass i stafett, brystsymjing.

Vatnet heldt 0 grader på den flotte konkurransearenaen, som var etablert i forlenginga av eit moderne innandørs symjeanlegg. Nordmennene måtte berre la seg imponera av broderfolkets meisterskap, både på tilskiping og infrastruktur. Finnane møtte som vanleg massivt fram til si årlege nasjonale vintersymjing. Over eitt tusen fryktlause menn og kvinner møtte, samt ei handfull utlendingar. Enno er det den eldre garden som dominerer, men stadig fleire yngre går utan å blunka ned i det iskalde elvevatnet, for å symja 25 meter.

Ingen kan vintersymjing som Finland. Difor nytta arrangøren av neste års VM i vintersymjing, byen Bled, høvet til å læra. Den fargerike vintersportsbyen i Slovenia byr inn til VM i januar 2010. Tim Farcnik frå SI Sport reiste heim frå Imatra med mykje kunnskap i kofferten.

Lenke til nettsida for finske mesterskapet i vintersymjing 2009: http://www.imatrantalviuimarit.fi/finnish_championships_2009_in_en/

Lenke til nettsida for verdsmesterskapet i vintersymjing 2010, Slovenia: http://www.2010winterswimming.com/