VM i disiplinen fjordsymjing er ein del av etablerte Sognefjord Swim Festival. Det breitt orienterte symjetreffet vender seg til nasjonale og internasjonale fjordsymjarar. Eit overordna formål er å visa at mektige Sognefjorden limer fjordbygdene i hop, snarare enn å skilja dei.
Interessen for fjordsymjing har vakse sterkt etter at Lewis Gordon Pugh symde Sognefjorden i si fulle lengd, 205 kilometer, sommaren 2004. Han utløyste eit umiddelbart engasjement for fjordsymjing med ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers!
Veka etter kryssa fem djerve symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, den 3,7 kilometer breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger. Året etter, 2005, vart den første Sognefjord Swim Festival avvikla med meir enn 100 deltakarar.
Annakvar år samlast fjordsymjarar frå Storbritannia, Finland, Tyskland, Litauen, Solvenia, Russland, USA og Noreg for å oppleve fjordfestivalen.
For meir informasjon kontakt oss.