Pressemelding

101 fjordsymjarar for H.M. Dronning Sonja

Laurdag 10. juni 2006 seglar H.M. Dronning Sonja inn Nærøyfjorden for å markere verdsarvstatus til denne dramatiske fjorden. På hennar tur ut fjorden skal 101 fjordsymjarar hoppe i verdsarvfjorden ved Dyrdal for å helse dronninga. Bak ideen står Lewis Gordon Pugh og Sogn Fjordsymjeklubb.

– Vi gjer dette for å gi dronninga ei fjordnær helsing, dronning Sonja og Kongeskipet kjem jo til hovudarenaen for fjordsymjing, seier Sarah Jane Hails, som har kjempa for å gjere disiplinen fjordsymjing kjent over heile verda.

Når dronning Sonja gjestar Sogn, står den unike naturen rundt Nærøyfjorden i fokus. I denne som i dei andre fjordarmane er det rom for mange aktivitetar. Sogn Fjordsymjeklubb representerer ein av dei.

– Denne laurdagen reiser vi midt på dagen frå Kaupanger til Dyrdal, opplyser Sarah Jane Hails.

Saman med Lewis Gordon Pugh skal barn og vaksne sende ei symjande helsing til dronning Sonja. Det skjer når Kongeskipet seglar ut Nærøyfjorden etter opphaldet på Bakka. Etter symjeturen blir det mat, fjordleik og båttur med Norway Fjord Cruise i Nærøyfjorden til Gudvangen.

– Det blir ein eventyrleg familiedag og alle er velkomne, påmeldingane strøymer inn, men det er framleis plass til fleire, seier Sarah Jane Hails.

For meir sjå vår nettside: www.fjordswim.no eller ta kontakt.

Med hyggeleg symjehelsing,
Simone Stibbe

Sogn Fjordsymjeklubb
Tlf: 576 916 17
Sarah Jane Hails: 906 609 44
Epost: info@fjordswim.no
www.fjordswim.no