Pressemelding

Spar bompengar og padl til Boknatta i Fjærland

Den norske bokbyen ligg ved ein av dei mest spesielle fjordane i Noreg, og då kan det lønne seg å ta seg litt tid på turen til den årlege boknatta i Fjærland. Det er dyrt å køyre gjennom Frudalstunnelen, og dessutan går ein glipp av mykje flott natur. Kvifor ikkje kombinere bokhelga med ein padletur på Fjærlandsfjorden? Det er Sogn Fjordsymjeklubb og Moreld AS som står bak idéen om denne fjordnære måten å komme seg til Fjærland på. Dei oppmodar alle interesserte om å ta kontakt dersom dei har lyst til å bli med.

– Bokbyen er ein idyllisk plass som får tida til å gå litt saktare, og det gjer også padling, seier Katja Gesch frå Moreld AS. Turen startar fredag ettermiddag med overnatting langs fjorden og vert avslutta søndag med ferja tilbake til Hella. Under sjølve boknatta vil dei dessutan arrangere eit lite bokbad i Mundal.

– Sogn Fjordsymjeklubb trener vanlegvis torsdagar og søndagar, men sidan nokre av oss ikkje kan vere med på treninga på søndag, må vi nok ta det på boknatta i Fjærland, fortel Sarah Jane Hails frå Sogn Fjordsymjeklubb.

Helsing,
Simone Stibbe
– informasjonsansvarleg –
Sognefjord Swim Festival
Tlf. 9059 4822

For meir informasjon sjå www.fjordswim.no eller ta kontakt.