Pressemelding

Meisterskap i fjordsymjing i verdas djupaste fjord, Sognefjorden

I august er tida inne for dei som likar seg i vatn. Sognefjord Swim Festival er verdas einaste fjordsymjekonkurranse. Det breitt orienterte symjetreffet vender seg til nasjonale og internasjonale (fjord-)symjarar. Fjordsymjing er ein aktivitet som kombinerer symjing og havkajakkpadling. - I 2006 har vi kapasitet til opp til 30 deltakarar som kryssar Sognefjorden frå Borlaug i Vik kommune til Nokkaneset i Leikanger, opplyser Sarah Jane Hails, dagleg leiar for festivalen. Alt no har fjordsymjarar frå Storbritannia, Finnland, Tyskland, Skottland, USA, Russland og Noreg meldt interesse. Verdsmeisterskapen vert halden laurdag 12. august, og vert ramma inn av ein stor folkefest i Midtre Sogn. Søndag 13. august kan store og små visa kva dei kan. Då vert det Mini Challenge og symjestafett i Balestrand. Under Mini Challenge skal symjarane kryssa Esefjorden frå Tjugum til Holmen (400 m).

VM i disiplinen fjordsymjing er ein del av den etablerte Sognefjord Swim Festival. Eit overordna format er å visa at mektige Sognefjorden limer fjordbygdene i hop snarare enn å skilja dei. Interessa for fjordsymjing har vakse sterkt etter at Lewis Gordon Pugh symde Sognefjorden i si fulle lengd, 205 kilometer, sommaren 2004. Han utløyste eit umiddelbart engasjement for fjordsymjing med ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers! Veka etter kryssa fem djerve symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, den 3,7 kilometer breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger. Året etter, 2005, vart den Sognefjord Swim Festival avvikla med meir enn 100 deltakarar. I august er det på ny klart for Sognefjord Swim Festival.

Sognefjord Swim Festival

Tid: 11.-13. august 2006
Stad: Vik - Leikanger - Balestrand, Sognefjorden