Pressemelding

Tri Ice Challenge på Nigardsbrevatnet

I forkant av årets Sognefjord Swim Festival kan det bli ei ekstra kald utfordring for dei som likar det ekstreme. Neste torsdag vert det triatlon i Nigardsbrevatnet. Lag frå Noreg, Finland, Storbritannia og Tyskland tevlar i ispadling, kaldtvatnsymjing og isspringing. Løpet startar med ein kajakksprint og blir avslutta med ein 400 m lang springeetappe fram til brefronten. Hovudutfordringa vert symjestafetten på tre gonger 100 m i brevatnet. Bak ideen står kajakkguide Andy Cullins frå Ice Troll og festivalkoordinator for Sognefjord Swim Festival, Sarah Jane Hails.

Triatlonen vert skipa for å teste norske brevatn med tanke på å arrangere framtidige kaldtvatntevlingar i Noreg. Blant deltakarane er det representantar frå Oulu i Finland, som arrangerer det årlege Winter Swimming World Championships, og South London Swimming Club, som står bak Cold Water Swimming Championships. Etter tevlinga skal dei møte med representantar for Luster kommune for å drøfte utsiktene for eit eit framtidig kaldtvantsarrangement i regionen.

Med helsing,

Simone Stibbe
www.fjordswim.no