Noregs første fjordsymjeklubb stifta i Sogn

22. februar 2007 vart Sogn fjordsymjeklubb stifta på Sognefjord Hotell i Leikanger. Sogn Fjordsymjeklubb skal vera ein sjølvstendig interesseorganisasjon med mål om å etablere, utvikle og promotere open-water-symjing, kajakkpadling og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn. Klubben vil arrangere og vidareutvikle Sognefjord Swim Festival og liknande arrangement framover. Han har også som mål å auke kunnskap om fjorden og jobbe for at fjorden takast aktivt i bruk på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte. Sogn fjordsymjeklubb er Noregs første open-water-symjeklubb med fokus på fjordsymjing.

Styreleiar for perioden 2007/2008 er Sarah Jane Hails. Ho har dei siste åra vore aktiv fjordsymjar og er ein av initiativtakarane bak Sognefjord Swim Festival. Sarah Jane Hails jobbar til dagleg hjå Noreg.no, og ho har tidlegare yrkeserfaring frå reiselivs- og tenestebransjen.

Med helsing,

Simone Stibbe
www.fjordswim.no