Redd for høgare havnivå og villare vêr? I år set Sognefjord Swim Festival søkelys på korleis fritida vår kan bli litt meir miljøvenleg.
Det er tredje gongen Sognefjord Swim Festival går av stabelen i Midtre Sogn, og i år set arrangørane fokus på klima. Hovudmålet til festivalen har i alle år vore å syne kor rikt fjordlandskapet er på høve til naturopplevingar, familieaktivitetar og sportslege utfordringar. Både symjing og kajakkpadling er aktivitetar som ikkje set spor i naturen.
Festivalen er bygd rundt fjordsymjing, som betyr at ein symjar blir følgd av ein kajakkpadlar langsmed eller på tvers av ein fjord. Dette er klimavenlege aktivitetar der kroppen er motor.
Dei siste åra har interessa for fjordsymjing og padling auka mykje, og deltakartala under dei ulike symjekonkurranse dobla seg frå 2005 til 2006. – Vi reknar med at endå fleire vil prøve seg på å krysse ein fjord i år. Til Sognefjord Challenge, kryssinga av Sognefjorden på 3,7 km, har det alt kome påmeldingar frå Noreg, Finland, Storbritannia og Tyskland, seier festivalsjef Sarah Jane Hails. Ho tek sjølv sikte på å symje i år og ville dermed krysse Sognefjorden for tredje gang. Dei som først vil teste seg på ein kortare distanse, kan vera med på Mini Challenge, ei 400 m lang kryssing av Esefjorden i Balestrand. Aldersgrensa er sett til 8 år, og deltakarane sym i ulike klassar.
Fjordfestivalen handlar òg om å bruke fjorden og lokalmiljøet på eit meir aktivt og miljøvenleg vis. Festivalen føregår difor på tre ulike arenaer: Balestrand, Leikanger og Feios i Vik. . Vi tilbyr båtskyss for publikum og deltakarar som eit alternativ til å køyre bil mellom arrangementa. Dette er gratis for alle dei som har festivalpass, opplyser Hails.
Under fjordsymjefestivalen kan ein smake på lokal mat. Under festivalen kan ein til dømes kjøpe is frå Feios, laks frå i Sværefjorden, kjøt frå Vik og bringebær frå Balestrand. . Vi håpar at publikum og tilreisande slik blir meir merksame på lokal og kortreist mat frå området, til beste for både klimaet og lokale produsentar.
Vêrvarslar Eli Kari Gjengedal kjem heim til Sogn under festivalen for å setje fokus på fjordvêr og klimaendringar. Fredag 10.august snakkar ho om klima i Feios, fjordbygda der sola nesten aldri går ned.
Program og presseinformasjon på www.fjordswim.no
Last ned høgoppløyselege bilete her: http://www.fjordswim.no/nn.php/press/images-2007
Pressekontakt:
Simone Stibbe
press@fjordswim.no
90594822