Kva er fjordsymjing?

Fjord + Kajakkpadling + Symjarar = Fjordsymjing

Fjordsymjing er ein aktivitet etablert i Sogn, Noreg. Utgangspunktet er fjordsymjaren, assistert av ein kajakkpadlar. Partnerskapen dei to imellom er ufråvikeleg. Det er padlaren si oppgåve å leie symjaren over ein fjorddistanse. Padlaren er fjordsymjaren sine auge og øyre.