Sogn fjordsymjeklubb er ein sjølvstendig interesseorganisasjon med mål om å etablere, utvikle og promotere open-water-symjing, kajakkpadling og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn. Klubben vil arrangere og vidareutvikle Sognefjord Swim Festival og liknande arrangement. Vi har også som mål å auke kunnskap om fjorden og jobbe for at fjorden vert teken aktivt i bruk på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte.
Sogn fjordsymjeklubb vart offisielt stifta 22. februar 2007. Men ideen vart allereie fødd 5. desember 2004 då fem djerve symjarar hoppa ut i Sognefjorden for å vise at dei ville ta fjorden i bruk – sommer eller vinter, sol eller regn. Oppslutnad om aktivitetane i Sogn fjordsymjeklubb har auka sidan det – med medlemmer frå Hafslo, Barsnes, Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand.
Sogn fjordsymjeklubb har aktivitetar heile året rundt. Sjå vår aktivitetskalendar
Du kan bli medlem ved å sende epost til sogn@fjordswim.no