Tryggleik

Fjordsymjing krev følgjande tryggleiksreglar:

  • Både symjarar og kajakkpadlarar skal kunne symja godt
  • Ein skal aldri symja aleine.
  • Symjing som ikkje inneber fjordkryssing skal foregå maks 10 meter frå land.
  • Alle kajakkpadlarar må kunne redningsprosedyrer og skal ha fullført eit kajakktryggleikskurs.
  • Symjarar skal visa ansvar i vatnet, og dersom ho/han kjenner seg trøyt eller uvel skal ho/han koma seg ut av vatnet så raskt som mogleg. Dersom kajakkpadlaren meiner at symjaren er i fare og må ut av vatnet, må symjaren respektera kajakkpadlaren sin beslutning.
  • Alle kajakkar må vera sjøsikre og utstyrde med: redningsvest, åreputer, vasspumpe, tau. Ansvarleg i kajakken må vera vaktsam og klar til innsats under heile symjeturen.
  • Under fjordkryssingar skal det alltid vera ein eskortebåt per 5 symjarar. Personell ombord i eskortebåtane har ansvaret for å ta hand om symjarar som trekkjer seg.
  • I tillegg til eskortebåter skal det vera ein redningsbåt til stades under ei fjordkryssing. Dersom en naudsituasjon oppstår midtfjords, har personellet ombord i redningsbåten ansvaret for å få den som har hamna i vanskar ut av vatnet så raskt som mogleg. Dei skal gi rask behandling og sikra at symjaren vert frakta til land.
  • Under ein naudsituasjon skal kajakkpadlaren påkalla merksemda til redningsbåten og kasta redningsvest eller bøye til symjaren. Dei skal fortelja symjaren om å halda seg roleg og ev. halda seg fast i kajakken til redningsbåt er framkomen.
  • Dersom ein symjar hamnar i vanskar innan 10 meter frå land, skal padlaren gi symjaren redningsvest eller bøye og be symjaren halda seg roleg ved kajakken. Deretter skal padlaren leia symjaren til lands.
  • Aldersgrensa for fjordkryssing er sett til 16 år. 16–18-åringar må få løyve frå foreldre/føresette for å delta.